Marthe student i Bergen

mandag 15. juni 2009

Oppdateringar...

Ser at det har gått litt vel lang tid sidan sist oppdatering, men eg får bruke den gode, gamle unnskuldinga med eksamenslesing for den slappe bloggeaktiviteten min i det siste!

4 eksamenar vart det i vår; glasiologi, marin geologi, vidaregåande sedimentologi og stratigrafi og dateringsmetodar i kvartær var faga. Puh...godt å vere ferdig iallefall, jamvel om eg ikkje har ein god feeling for alle faga!

Siste eksamenen vart gjort unna på måndag den 8.juni, og same kvelden var det klart for konsert med Mötley Crüe i Bergenshallen! Denne konserten hadde eg sett fram til i fleire månader, og det same hadde Karin. Diverre vart det ikkje konsert på Karin grunna fjøsstyr, men heldigvis vart Siv Oddny med meg, og me hadde det kongemoro på konserten! Dette var ein av tidenes konsertar, utan tvil, no har eg hatt lyst til å gå på konsert med Mötley sidan eg var 5 år!
Etter konserten var det heimover etter at Karin kom til Åsane og møtte meg og me hadde ein kort tur på Ikea. So har det gått i jobbing, jobbing og atter jobbing, med ein kort stopp på Breheimsenteret for kaffi og is, og ein kort stopp på Fjellheim i dag for kaffi og is der også;)

Idag var eg og Karin på besøk til Anki og Noah og Christoffer, og det var kjempestas! Det var godt å komme seg vekk frå hotellet ei stund, og eg trur det var godt for Anki å få nokre ekstra armar på besøk:) Eg og Karin gjekk iallfall rundt med kvar vår unge på armen for ei stund, slik at Anki som endå ikkje hadde fått i seg frukost i tolv-tida kunne få ete litt!
Eg hadde endå ikkje sett huset til Anki og Magne, so eg tok meg også ein liten tur rundt i huset for å sjå kor flott dei ha fått det.
Dei to tvillingane var supersøte og svært so fornøyelege, iallefall når dei hadde blitt mata og fått ut det dei skulle få ut, antan det var i den eine eller den andre enden...:)

Fotoshoot vart det sjølvsagt, her er nokre av bileta:

Karin og Christoffer i full gong med mating, han var nesten like god til å ete som meg!


Noah var flink til å ligge i stolen og posere!

Mmm...mat!


Slik går nu dagan.... Anki alltid blid!


Eg matar Noah, medan Karin underhelde Christoffer. Dei får iallefall oppmerksomheit!;)


Christoffer føl med på kva Karin seier med store auge!


Christoffer aka mini-Magne til venstre, og Noah aka mini-Anki til høgre.


Bleieskiftarbeidaren står på! Her var det Noah sin ugunstige odør som førte til bleieskift....


Dei to små poserer som heltar!

onsdag 22. april 2009

80-års lag i Flåm!

Måndag var då (nesten) heile familien samla på Fretheim Hotell i Flåm for å ferie 80-års dagen til Lisbeth. Med andre ord var det duka for full fest!

Eg køyrer forbi Flåm kvar einaste gong eg reiser til eller frå Bergen, og har faktisk aldri stoppa der eller vore på Fretheim Hotell, så det var artig å sjå innsida av andre hotell for ein gongs skuld!

Karin fann seg til rette med ein gong me stoppa....

Normann er påmeld til Top Model i år!

Eg prøvde hardt å vere turist...

...medan Normann og Johannes var endå flinkare, og gjekk like godt rett inn i den japanske folkemengda!


Eg seier aldri nei takk til kake etter middag, sjølv kor mett eg er etter ein fantastisk 3-rettar!



Gjenget samla.. Me er få, men me høyrast ut som mange!


Søstrene Bjørklund samla; bursdagsbarnet Lisbeth til høgre, og Anna og Åslaug mot venstre.



Det er ikkje kun Normann som prøver seg på Top Model i år!

...men han burde ikkje vere so hard på flaska om han skal ha sjans!


Storesyster og vetlebror er spreke og går rett opp alle troppene!


Sondre og Dag ville også vere med på fotoshoot!


Stay tuned for fleire bilete!

søndag 8. mars 2009

Vinterball!

I går vart det arrangert vinterball på mat-nat (fakultetet mitt), og det kunne eg sjølvsagt ikkje gå glipp av!
Det har vore tradisjon at geologi- og geofysikkstudentane har arrangert julebord for heile fakultetet i mange år, og eg har sjølv vore med å arrangert det (har hatt ansvar for maten - sjølvsagt...), men i år fekk me ikkje lov til å ha julebord fordi det var nokre få som øydela for resten i fjor med å tømme brannslokningsapparat utover gongane på skulen. Heldigvis fekk Mjøllnir (den ansvarlege organisasjonen) lov til å arrangere ball no, og då vart det både herrenes og damenes tale, og til og med ein toastmaster var der!

Her er nokre bilete frå festlegheitene:


Silje og Bjørnar

Anne og Ingrid

Inger Lise


Anne og Erik har det skoj, som bestemor ville ha sagt!;)

Til slutt: GRATULERE MED KVINNEDAGEN TIL ALLE MEDLEMMER AV DET STERKASTE KJØNN! :D

onsdag 25. februar 2009

Ein liten utblåsning...

På måndag var det "Framtidsfylket"-messe på Verftet her i Bergen. Sogn og Fjordane vil rekruttere folk, og spanderte tapas, konsert med the Generous Days og hadde mange stands der bedrifter og kommunar prøvde å lokke folk til fylket. Eg var tilstades og hadde det veldig kjekt, men eg må få ut noko som irriterte meg... Sogn var dårleg representert tykte eg; det meste var om Nordfjord og Sunnfjord (både taler og powerpoint-framsyningar), og det er jo trist for oss som tek utdanning i byane og lurer på om det er jobbar til oss heime i Sogn når me er ferdige....

Dette er jo sjølvsagt mi eiga personlige meining, men eg ville tru at Sogn treng folk òg? Det kan då ikkje vere kun i Fjordane at det trengst arbeidskraft?

onsdag 18. februar 2009

Feltkurs

Her er nokre bilete frå det siste feltkurset mitt før eg reiste frå Island i fjor vår (mai månad). Me har fin natur heime, men jammen er det fint andre stader og!

Smelting av bre i aksjon

Hana foran foss...

Slik ser fossen ut utan ei japansk jente foran!

Eg og Helena vart litt skuffa då me fann ut at feltkurset, som varte i ei veke, sjølvsagt kolliderte med 17.mai, så me kjøpte inn softis, teikna flagg, song "Ja, vi elsker" foran heile klassen og var vel stort sett ganske irriterande heile dagen der me ropte "hipp hipp hurra" sånn omtrent 390 gongar.. Vår vesle hemn for at me ikkje fekk feire i Reykjavik med dei andre nordmennene;)


Breisen er ikkje akkurat så rein...

Fine isfjellet!

Eine forelesaren vår (Ivar Ørn) prøver å forklare prosessane foran Sólheimajökull, men det er vel ikkje så lett når me hadde mangt slags folk i klassen (t.d ein indar som studerte sosialantropologi og fleire som verkeleg ikkje hadde så mykje å gjere der...).

Ja, eg likar isfjell!


Gígjökull, ein kjempeflott (og bratt) brearm!

Nok eit bilete av Sólheimajökull. Det var foran denne breen at me hadde feltarbeidet. Ikkje så verst arbeidsforhold her, betre ventilasjon enn på kjøkenet på hotellet ein heit søndagsettermiddag iallefall!;)
Her har det runne mykje smeltevatn ut frå Sólheimajøkull. Det var mange av elevane som ville inni, men heldigvis var forelesarane flinke til å advare om at det kunne rase ned. Er mange som har mista livet sitt unødvendig slik.

onsdag 7. januar 2009

På besøk til Lilja i Akureyri!

Like før eg reiste heimatt frå Island i mai var eg på besøk til Lilja i Akureyri, nord på Island. Ho passa meg på Haugen då eg var 2 år, og eg har nesten ikkje treft ho att etter det, så eg var spent då eg sat på flyturen (som ikkje var av dei lengste, er ikkje så langstrakt land...)! Eg var redd eg ikkje kom til å hugse korleis ho såg ut, og då eg landa på det som sikkert er ein av dei minste flyplassane eg har vore på, såg eg sikkert noko bekymra ut.


Gammalt bilete av meg og Lilja på haugen, sjekk ut sveisane!

Heldigvis kom det raskt to damer mot meg; Lilja, og dottera hennar Johanna. Johanna hadde vore så snill at ho hadde kjøpt meg ein liten bamse til mobilen for å ynskje meg velkommen, og me har jo aldri møttes før, så det var kjempesnilt! Eg fekk til og med låne prinsesserommet som var dekorert frå topp til tå med ...ja, nettopp, prinsesser, hjå Johanna dei 2 nettene eg var der! Ho måtte på skulen då eg og Lilja skulle køyre rundt og vere turistar, men neste gong eg skal opp der så skal eg passe på å komme då det ikkje er skule, slik at ho også kan vere med:)

Johanna i flott positur!

Prinsesserommet!

Lilja var så snill og køyrde meg rundt den eine dagen ho hadde fått fri, medan mannen Sigurður (Siggi) var på jobb. Me køyrde langt og lenger enn langt, men fekk med oss mange flotte stader, blant anna Dimmu Borgir, Krafla og ei blå lagune som var knallblå og tom for andre turistar!
Her er nokre av bileta frå områda rundt Akureyri (som anbefalast på det sterkaste, eg skal opp der att ein gong til, minst!):


I Dimmu Borgir var det fleire stiar, du kan bli gåande i fleire timar i dette landskapet. Det har blitt danna ved eksplosiv kontakt mellom lava og havvatn.
Lilja

Meg ein eller annan stad i Dimmu Borgir. Ikkje mykje brunfarge å spore her, gitt...

Eit gigantisk vulkankrater i Krafla, dette er berre ein liten del av krateret.
Legg merke til folka som skala!


Krafla kraftverk, det er ganske kul blåfarge bak i fjella, men det er kan hende litt vanskeleg å sjå pga kameraet

Den som føler for å sniffe inn svovel så det river i nasen burde dra hit, meir effektiv oppkvikkar enn møkalukt!

tirsdag 6. januar 2009

Back in the game!

Jajamen, eg er tilbake!

Denne gongen rapporterast det frå studentlivet i Bergen, og eg skal laste opp dei siste bileta eg tok på Island og diverse frå studentlivet i Bergen. Men: om ikkje det er det eine så er det det andre som er gale... No når eg har skaffa meg ny pc (dell må de vite!), printar, og flunkande nytt digitalkamera så må jo sjølvsagt breibandsleverandøren på hybelen gå konkurs...men med ein gong problemet med null nettilgong er fiksa, så skal det bloggast!